søndag 19. mars 2017

Priktrøje

Jammen godt å bli ferdig med nokre (langtids-)prosjekt av og til.
Denne jakka vart starta på i september. Bærestykket med dei artige prikkane vart fort ferdig, men så var det den kjedelege einsfarga delen...
Plutseleg kom det andre prosjekt i vegen.


Først no i februar vart jakka henta fram igjen, og då tok det faktisk ikkje så lang tid før det var gjort. Rart med det...


Mønsteret ar av Lene Holme Samsøe, og er henta frå boka "Børnestrik på pinde 3 1/2 -4". Der heiter det Pigernes priktrøje. Eg synest at gutar også godt kan får bruke prikkar, så denne skal til ein nevø.
Eg har brukt Sandnes Alpakka garn, kjøpt på salg då fargane skulle bort. Så då har eg fått slanka garnlageret litt...

Det blei litt prikkar på innsida også. Prikkete band over klippekanten og til og med prikkar på knappane.


One UFO finished! This cardigan was started in september, but after the fun of the yoke it was put aside. Other projects came in the way. So in February I took it up again, and of course it didn't take long to finish. (Size 5 y).
It's knitted in alpacca, yarn bought on sale, so my stash is now lighter.
The pattern is Priktrøje by Lene Holme Samsøe.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails