mandag 31. mars 2014

Lampeskjerm igjen

I'm making lampshades again.

IMAG3021

Eg har hekla ein ny lampeskjerm, og er litt nærare målet om 3 lampeskjermar over spisetuebordet… Kan gjerne anbefale å hekle dine eigne skjermar altså.

Du treng eit gammalt skjermskjelett med fin form, nokre gram garn (eg brukte 200-250 g bomullsgarn) og ein heklekrok som passar til garnet ditt.

Eg har før hekla ein skjerm med viftemønster. Denne gongen vart det boblar.

Ei eksakt oppskrift er det vanskeleg å gi dykk. Når du heklar lampeskjerm bør du vere klar for å improvisere undervegs. Du bør auke/minke på maskeantal slik at det du heklar ligg fint rundt skjelettet. Det er heilt greitt å jukse til litt også. På ein lampeskjerm vil sikkert ingen sjå at mønsteret ikkje er heilt likt alle stader…

I've made another lampshade, my plan is to have three above my dining room table… You should try to make one or two too! 

You'll need an old lampshade frame, yarn of your choice (I've used 200-250 gr cotton yarn) and a hook that matches your yarn.

I've made a lampshade in a shell pattern before, this time it was bobbles. It is hard to give you an exact pattern. Every frame is different, and you must be able to improvise as you go. You will have to increase and decrease so your crochet fabric fits the frame. Sometimes you might have to cheat a little. People will probably not notice that your pattern is not excactly the same everywhere…

001b

Start med å hekle rundt kanten nede. Det blir finast om du heklar ganske tett her. Prøv å få like mange masker mellom kvar stang på skjelettet. (På denne skjermen vart det 15 fm mellom kvar stang).

Start by crocheting around the bottom ring of the frame. It will look best if you cover the frame as much as you can.

420b

I neste runde hekla eg 1 stav i kvar fastmaske.

The next round I made one dc in each sc.

419

No hadde eg litt for mange stavar i forhold til omkrinsen på skjelettet. Derfor måtte eg minske på neste omgong (første boblerunde).

På denne skjermen vart det 15 runder med bobler. På bildet under har eg notert ned mønsteret på dei rundene (på engelsk). Eg passa på at boblene ikkje kom rett over kvarandre. Då må du justere korleis du startar rundene. Nokre gongar måtte eg starte med nokre stavar istaden for boble. Det må du tilpasse di eiga hekling. På mønsteret under startar alle rundene med bobler, berre for å gjere det enkelt for meg å skrive ned :)

Boblene er laga av 5 doble stavar hekla i same maske. For kvar dobbelstav lar du siste løkke vere igjen på kroken. Når du har laga 5 har du 6 løkker på kroken. Då avsluttar du med å trekke tråden gjennom alle løkkene = ei boble.

Innimellom boblerundene er ei runde med stavar. Der hekla eg ein stav i kvar maske på forrige runde. På dei sto siste rundene med stavar er det felling.

Her er boblerundene på norsk:

1: * Boble, 2 st, 2 st saman, 2 st* heile vegen rundt. 2 – 8: *Boble, 5 st* heile vegen rundt.

9: *Boble, 3 st, 2 st saman, boble, 5 st* rundt heile. 10: *Boble, 4 st, boble, 3 st, 2 st saman* rundt heile.

11: *Boble, 4 st* rundt heile. 12: *Boble, 2 st, 2 st saman* rundt heile.  13: *Boble, 3 st*

14: *Boble, 3 st* .  Neste runde med stavar heklar du 2 st, 2 st saman.

15: *Boble, 2 st* . Siste runde med stavar heklar du 1 st, 2 st saman.


I ended up with too many stitches after the first round of dc, so I had to decrease on my first round of bobbles. On this lampshade I made 15 bobble rounds. On the photo below I've numbered the bobble rounds. In between the rounds of bobbles I made a dc round, and made one dc in every st. On the two last dc round I decreased. See note on the photo. I didn't want the bobbles to end up directly above each other so on the even bobble rounds I started with a few dc so the new bobble ended up in between the bobbles on the row before. You'll figure it out :)

The bobbles are made of 5 tr made in the same stitch, leaving the last loop on the hook. When you have made 5 you'll have 6 loops on the hook. Yarn over and draw a loop through all 6 loops.

005text

004text

Den siste runda er fastmasker som eg heklar rundt skjelettet på toppen. (2 fm i kvar st)

The last round is sc around the top of the frame.

459b

97bb2792b5da11e3a7be0e3a371770fe_8 2e4c6194b5cc11e3a753127fda40c468_8

Eg håpar du blir inspirert til å lage din eigen skjerm. Som sagt, dette er ikkje eit fullstendig mønster, men ein guide til å lage ein liknande skjerm. Lykke til!

I hope this can inspire you to to make your own lampshades. As I said, this isnot a complete pattern, just how I made this one. It should give you a few tips on how to do it, I hope.

PS: Here are my other lampshades too.

032

004

IMAG0979

tirsdag 11. mars 2014

Sunburst-pute

d25d4f50a3bb11e3909c123696e3fbe5_8

Ei ny pute er ferdig. Sunburst-mønster denne gongen, med eit litt meir avgrensa fargeval. Går fint det også :)

Brukte samanhengande samanhekling på framsida, og prøvde noko anna enn striper på baksida.

Eg skal legge ut ei meir utfyllande forklaring på korleis eg gjer SSH (samanhengande samanhekling), men oppdaga at eg treng litt fleire bilder… Så den kjem snart.

Du kan finne mønster på Sunburst-rutene her.

4a6d15aca3bc11e3ac6412d616990df9_8

A new cushion! Sunburst pattern this time. I used CJAYG (continuos join as you go) on the front and added a few squares on the back. I will post a tutorial about how I do the CJAYG shortly, just need a few more photos.

You can find pattern for the Sunburst squares here.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails