søndag 29. mars 2009

D

abc

Tok litt tid å kome på eit høveleg ord på D. Men eg har bestemt meg for Dører.

Synest dei er så spennande, spesielt dei som har litt historie.

(Og litt praktisk var det at eg faktisk hadde ein del dørbilder liggande etter å ha vore på dørsafari her i byen og andre stadar...)

Her er nokre dører frå Posebyen.

dørmosaikk

Og her er nokre fleire frå Bergen.

b22 b17

b2 b3

b5 b16

Fleire D-ord finn de borte hos Petunia.

D for doors…

onsdag 25. mars 2009

Shetland Triangle

2009_03160003

Dette sjalet vart ferdig for ei stund sidan, men eg har visst gløymt å vise det fram.

Mitt første Shetland Triangle.

Mønsteret er av Evelyn A Clark og du finn det i boka “Wrap Style”

2009_03160008

Eg tok bilda på veg heim frå jobb ein dag, så her har de sjalet både med og utan gul solnedgang :)

Eg har brukt ca akkurat eit nøste av Noro Kureyon Sock til dette.

-----------------

I’ve finished my first Shetland Triangle. The yarn is Noro Kuryon Sock.

søndag 22. mars 2009

C

abc

C for Crocus Vernus

Måtte ty til latin for å finne passande ord på c. (Litt pysete kanskje?)

Kunne sjølvsagt ha analysert CD-samlinga mi…

eller fortalt at eg hadde Couscous-salat til middag i dag…

Men Crocus Vernus – altså vårkrokusane blomstrar så fint no i byen.

Og så artig det er med eit parkvesen som er kreative i laukplantinga si.

1-pola

2-pola

2009_03200010-pola

C is for Crocus. It is spring and these photos are from the town park. Nice to see the creativity in th planting :)

lørdag 14. mars 2009

B

abcEg har tenkt å bli med på Petunia sitt ABC-prosjekt. Fekk ikkje sveiva meg i gong med A forrige helg, men skal prøve å henge med vidare.

B for brukt og bruktbutikk. I dei siste åra har eg blitt ganske hekta på desse. Eg har store vanskar med å å gå forbi ein loppemarknad eller ein brukthandel, noko som famile og vener nok har oppdaga. Og skapa mine ber preg av det etter kvart. Dei er ganske fulle og nyare koppar og fat har blitt bytta ut til fordel for gamle saker. Eg likar ting med historie og saker eg kan bruke til å lage nye ting. Og så er det kjekt å ha noko som ein ikkje finn i alle sine skap.

Her i byen er eg mest innom Shalam og Gjenbruksbutikken i Tollbodgata. Var innom sistnemnte i går og fekk med meg desse sakene.

2009_03130017 2009_03130012 2009_03130019 2009_03130021

Her er litt fleire favorittar henta heim frå diverse butikkar og marknader…

favoritt-lopper

torsdag 12. mars 2009

Det var vår i går…

2009_03110003

… men ikkje i dag. Spennande å sjå korleis det blir i morgon. Har planar om å bruke Sylvi-kåpa igjen. Ho har ligge til tørk i fleire dagar no etter skylling og blokking. Det var nesten litt skummelt slik jakka sugde vatn, følte alle delar strekte seg ein halv meter minst.

Det blei ikkje fullt så utstrekt til slutt heldigvis, men jakka er større no, og perlestrikkinga ikkje fullt så “stretchy”. Kanskje eg hadde klart meg med pinne nr 7 likevel…

2009_03110006

I går sydde eg ferdig dokkequilten min. Litt usikker frihandsquilting rundt kantane, men dette skulle vere eit prøveprosjekt så då får det vere slik. Teppet er bitte lite, kantar på ca 35 cm.

Her har de eit prosjekt for våren (uansett når han kjem):

Cykelsadel2Cykelsadel3

(bilde frå Hendes Verden)

Hekla sykkelsetetrekk. Absolutt noko for min sykkel.

Oppskrift finn de i Hendes Verden.

-------

We had lovely spring weather yesterday, but today it was back to snow. Hoping spring will be back tomorrow.

Maybe I should do some spring crochet for my bike.

mandag 9. mars 2009

Ei boks til besvær

2009_03070083

Broren skulle lage pizza til oss på laurdag, men hadde fått med seg feil type skinkeboks frå butikken. – Den typen utan ring å åpne med…

2009_03070084

Sjølv med to typar boksåpnar blei det ei vanskeleg oppgåve å få ut skinka.

2009_03070085

Så kjære Stabburet! Kan de ikkje lage skinkebokser som er enklare å åpne?

Vær så snill?…

 

Men pizzaen blei god :)

Det gjekk fort

Og vips så var vinterferien ferdig. Eg er attende i våren på sørlandet. Det blei berre meir snø austafor i helga.

2009_03070009

Eg hadde med meg litt meir strikking enn Sylvi. Mitt første Shetland Triangle i Noro.

2009_03070016

Som nemnt før var det rimeleg slapsete i byen. Dei stakkars skoa mine er tørre igjen no.

klipp

Greie prisar i alle fall…

cafe1

Hadde med niese på tantetur eine dagen. Vi var på Nasjonalgalleriet og tre kaféar (det siste gjorde mest inntrykk). Ein treng mange pauser når ein skal traske rundt heile dagen.oransje2

oransje3

oransj1

Oransje detaljar frå ein McDonalds (det vert rekna som ein kafé).

---------

Treåringsniesa hadde fest med dei små folka sine (Little People). Det måtte eg berre fotografere-

welcome

Prinsessa ønsker alle velkomne.

party

Hesten er glad han slapp inn i siste liten. For like etterpå var det fullt.

sorry

Kongen måtte avvise dei siste gjestane som det dessverre ikkje var plass til. Dei rusla slukøra tilbake til stallen…

torsdag 5. mars 2009

Litt fakta om Sylvi

Takk for alle hyggelege kommentarar om Sylvi :)
Jakka har fungert bra i eit par dagar no, og den er varm nok for dagar som dette.

Eg har brukt garnet Topp t'tå frå Gjestal. Kunne sikkert ha brukt mange andre sortar med strikkefastheit 12 m = 10 cm.
Men sidan eg fekk Topp t'tå for 17 kr nøstet vart det valet mitt.
Eg har nemleg brukt 27 nøster!! Godt eg tok godt i (trudde eg) og bestilte 30 nøster...
Eg har då strikka jakka i str L, og ho veg ca 1350 gram. Litt tung altså, men det merkar eg ikkje så mykje til når ho er på.
Og mønsteret kan kjøpast her, hos Twist Collective
Det er på engelsk, men det er godt forklart.
Kan anbefalast!

tirsdag 3. mars 2009

Sylvi og knappesnop

Her kjem bilda som eg lovte. Har traska rundt i Oslo ganske så fornøgd i dag. Er berre litt forundra over at ikkje alle har spurt meg om kven som har strikka den fine jakka mi. 
Men eg kom nesten på tv då eg gjekk nedover Karl Johan. Berre sånn ca 3-4 tv-team ute  i dag og intervjua folk  som eg gjekk forbi.
Eg er veldig fornøgd med ryggen. Fronten treng enno litt strekking og blokking. Knappestolpane har ei heilt anna lengde enn perlestrikkinga så dei svingar litt hit og dit. Men ikkje verre enn at jakka kan brukast.
I går var det heller vått i oslogatene, så skoa mine hadde det ikkje bra. 
(Tok dei andre, ikkje fullt så fine, skoa i dag.)
I tilleg gjekk eg rundt og kika opp på taka heile tida. Litt redd for takras...
Betre ver i dag, og eg og søster var på snopetur til Snella & Petronella. 
Det blei nokre knappar og en ny ring.
This is my Sylvi. Used for the first time today. Yes, I'm pleased. The front need some more blocking. But I'll do that when I come home. Until then I will use it as it is. 


Ferdig

Jepp, Sylvi er ferdig! Må nok prøve litt våt-blokking når eg kjem heim igjen, men intil vidare kan ho sikkert brukast. Eg skal sjekke temperaturen ute og sjå om ikkje eg kan ta ei testrunde i dag :)

Skal sjå om eg kan kome med nokre bilder seinare idag. Bloggar frå lånt mac sidan eg er på tur, og eg trur ikkje eg skal prøve å legge inn bilder her utan lov.

Ha ein fin tysdag.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails