fredag 28. mars 2008

Pyrex og roser

Eg måtte berre sjekke tilhøva på bruktbutikken denne veka. Det har gått ein heil påskeferie sidan sist. Eg brukar som regel ikkje lang tid - ser fort om det er noko av interesse. Det var det på tysdag. Desse Pyrex-skålene. Dette hanemønsteret likte eg veldig godt - og så var det i turkis. Med desse vil kjøleskapet mitt bli veldig lekkert. Skåla med snøkrystallgirlander fann eg på ei tidlegare handlerunde, men den passar fint den også.

Desse broderte rosene måtte eg også berge frå butikken. Dei skulle sikkert bli ei sånn rund sofapute, trur de ikkje det? Sånn fløyelspute som bestemødre hadde i finsofaen. Eg kan også ha ei rosepute, tenkte eg. Men kunne kanskje tenke meg raudt stoff med kvite prikkar rundt, eller...? Me får sjå.

Og snart er det loppemarknads-sesong. Jøye meg. Ha ei fin helg :)

This is what I "rescued" from the thrift shop this week. I really like these Pyrex dishes. They will look very nice in my fridge.

I also took home these embroidered roses. I'm sure they were ment to be a pillow at one point, so I'm going to make one. Maybe with some red/white polkadot fabric. We'll see.

Have a nice weekend.

torsdag 27. mars 2008

Vårsko

Eg gjekk forbi Design Forum i dag, og bestemte meg for å gå inn. Skulle berre kikke litt. Men eg kom ikkje lenger enn til skohylla.
Der stod desse. Dei fine støvlettane mine måtte av - skulle berre prøve litt...
Det er Campers - dei passa fint - gode å gå i - akkurat passe høg hel - grønne... etc. etc.
Treng eg seie meir? Det blei vist sko på meg.
No må berre snøen smelte, slik at dei kan brukast ute også (ikkje berre inne i stova).
I was only looking in a shop today when I found these. No more "only looking".
I had to try them on, and they were just perfect.
So I'm wearing green shoes when the snow melts :)

onsdag 26. mars 2008

Påske II - Inneliv

Middag
Dinner
Bursdagsonklane bles ut kakelysa.
The birthday uncles. Radiobingo
Berre øving - vi vann ikkje denne gongen.
Just practising - no prize for us this time. Kortleikar
Cardgames Laptops Ungane i seng - filmtid for oss store.
MovietimeAnton (katten) har det bra.
Anton (the cat) is enjoying the attention (for a little while).

Mat må vi ha. 28 mouths to feed.

Vi åt 5 brød om dagen.
We ate 5 breads a day.
Lage påskeegg.
Making easter eggs. Klede over alt. Clothes everywhere.

- Og alle var einige om at det var ein fantastisk ferie! Takk for selskapet, alle saman!

Påske I - uteliv

Det snødde ein del...

Aking

Hopp for dei små
...og for dei litt større

Marshmallows
Snøhule
Og meir snø We had a lot of snow. But playing in the snow can be fun.

tirsdag 25. mars 2008

Påskerapport kjem snart...

Eg trudde alt var på plass då eg tok kofferten min og drog etter ferien, men eg gløymde noko viktig: ledningane til fotoapparatet... Så inntil dei kjem i posten ventar eg med påskerapporten (altfor kjedeleg med innlegg utan bilder).
Så dersom du lurer på korleis det er å ha påskeferie saman med 27 andre personar i eit hus - følg med.
Bilda her er frå Dover Publications. Der kan du få gratis smakeprøver frå bøker kvar veke. Mange fine gamle bilder. Meld deg på her.


I thought I had packed everything when I grabbed my suitcase and left my parents house after easter, but I forgot something important: the cables for my camera. So until they arrive in the mail, my easter photos will remain inside my camera.

I'm going to post something about easter, but I'm waiting untill I have some photos to show. If you're wondering about how it is to spend the holidays together with 27 people in one house - wait and see.



These photos are from Dover Publications. You can subscribe to weekly samples here.

onsdag 19. mars 2008

Ferdig med jakka

Eg blei ikkje med på snøballkrigen, men sat inne og strikka i staden. No er jakka ferdig!
I didn't take part in the snowball fight this time, i was knitting inside. My Tangled yoke cardigan is finished!
Ferdig med kantane. Buttonband finished.
Sying av knappar. Sewing the buttons.
Tørking. Drying.
Eg var redd for at jakka skulle bli for liten- det vart den ikkje.
I worried that the cardigan would not be large enough. No need to worry!

- Og eg som trudde det var vår...


Eg pakka ikkje med meg så mykje vinterklede for denne påskeferien. Det har liksom vore så snøfritt så lenge, at eg har gløymt kva mars eigentleg er. Og det såg veldig lovande ut den dagen eg kom.
Men så kom snøen - og sidan har det berre vore snøbyger. Desse bilda er tatt for minst 20 cm snø sidan. Godt at resten av familien har hugsa vinterkleda sine:)


I didn't really bring winterclothes on this easter vacation. Had planned for spring, - but it started snowing after two days, and it has been snowing since. Here's some familymembers preparing for a snowball fight.


søndag 9. mars 2008

Nytt gammalt

Eg har samle-på-genet... Og i dei siste åra har det spesielt gått ut over dei stakkars gamle tallerknane i hyllene på bruktbutikkane. Dei som det kanskje berre finst ein av - i beste fall to. Dei bør helst vere norske (Figgjo, Egersund, Stavanger Flint), og går eg forbi er det nesten som dei ropar på meg. Så då må dei nesten vere med meg heim....
No bør eg snart vende det døve øret til, for det begynner å bli fullt i skapet.
Men, altså, i går kom eg forbi eit heilt servise til seks pers. Og gjett om det ropte! Vel, her er det:

Og så nokre single fat til slutt.

I collect stuff (must have a gen for that). In the last years I've started collecting old plates. They call out for me in the thrift shop, and i just have to take them home. I should stop now because i have no more room in my kitchen... Mostly it's single plates.

But yesterday i found a set for six. Probably from the 50's. Of course i had to take it home.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails